onsdag 3 december 2014

Frå bonde til Hells Angels-president


Per T. Høyland (54) seier han er ein lovlydig borgar. Men dersom nokon hadde stole bilen hans, ville han ikkje kontakta politiet.

– Eg må ha ein røyk. Er det nokon som har ein røyk?

Det er 30. juli og Per T. Høyland har nett landa mikroflyet sitt på eit jorde ved Orrevatnet på Jæren.

Alle som har samla seg rundt Høyland, dei fleste menn, tar seg til lommane. Dei nærmast kappar om å vera den første til å putta ein sigarett i munnen hans og tenna den opp.

Han takkar og tar seg eit godt drag av sigaretten.

– Nå har eg det heilt perfekt, seier han.

Høyland og navigatøren hans, Håkon Fosso, har vore i lufta i litt over to timar og blir nå tekne imot som heltar. Lyden av jubel og applaus er heilt på nivå med lyden av flymotoren.

På dagen 100 år etter den norske flypioneren Tryggve Gran gjorde den same reisa, har dei flydd om lag 450 kilometer frå Cruden Bay i Skottland til Reve på Jæren. Dei har gjort det for å heidra Gran.

På grassletta står både pressefolk, familie, venar og andre nysgjerrige. Etter kvart kjem også fleire småfly til og landar på stripa for å gjera stas på bragda som nett har blitt gjennomført.
Jordet på Jæren har blitt åstad for ein folkefest.

Ein stor familie

I folkemassen, som stadig veks, finn ein også ein liten gjeng svartkledde menn.

Dei held seg litt i bakgrunnen, men hadde flyturen enda i katastrofe hadde desse svartkledde mennene hatt ei nøkkelrolle.
– Alle hadde visst kva dei skulle gjera. Det er ein eigen plass på klubbhuset der urna mi og eigedelane mine skal vera. Og det skulle blitt arrangert full fest, eg ville ikkje hatt noko syting, fortel Høyland.

For sjølv om det var eventyraren, familiemannen og flyentusiasten Per T. Høyland ein kunne lesa om i overskriftene dagen etter flyturen, er det ei anna side ved han som er vel så viktig for kven han er.

Dei held seg litt i bakgrunnen, men hadde flyturen enda i katastrofe hadde desse svartkledde mennene hatt ei nøkkelrolle.

– Alle hadde visst kva dei skulle gjera. Det er ein eigen plass på klubbhuset der urna mi og eigedelane mine skal vera. Og det skulle blitt arrangert full fest, eg ville ikkje hatt noko syting, fortel Høyland.
For sjølv om det var eventyraren, familiemannen og flyentusiasten Per T. Høyland ein kunne lesa om i overskriftene dagen etter flyturen, er det ei anna side ved han som er vel så viktig for kven han er.

Høyland er president i Hells Angels MC Stavanger, og i den verda er dei svartkledde mennene brørne hans.


Per Høyland på motorsykkel - Per T. Høyland har køyrd motorsykkel frå han var åtte år. Då hadde han ein Sachs på 175 kubikk. Han gøymde den i skogen for lærarane og for foreldra. Framleis kjenner han seg fri når han køyrer motorsykkel. - Foto: Tom Edvindsen / NRK

Per T. Høyland har køyrd motorsykkel frå han var åtte år. Då hadde han ein Sachs på 175 kubikk. Han gøymde den i skogen for lærarane og for foreldra. Framleis kjenner han seg fri når han køyrer motorsykkel.
Foto: Tom Edvindsen / NRK



– Dei stiller opp på ein heilt annan måte enn samfunnet elles, både på positive og negative ting.
Me er som ein stor familie, forklarer han.

 I 1986 fekk han sin andre son, og han tok over gardsdrifta etter foreldra.

– Eg hadde gleda meg til dette. Det var alltid klart at eg skulle føra garden vidare, sidan eg er eldst, fortel han ein mannsalder seinare, frå sofaen heime på den same garden.

Sjølv om han var heiltidsbonde nå, fann han likevel tid til MC-klubb. Han hadde nå bytta over til ein klubb med namn Rett Vest, som heldt til i eit gamalt bryggeri på Bryne.


– Alle venene mine køyrde sykkel, og eg hadde sjølv køyrt sykkel sidan eg var åtte år. Derfor var det naturleg å vera med i klubb. Me hadde mykje sosialt saman i tillegg til køyringa, fortel han.

I 1993 blei også familien utvida med ei dotter. Men trass lukke i familielivet, så blei ikkje livet som bonde heilt det Høyland hadde håpa på. Han dreiv stort med både gris og kyr, men han ville driva endå større.

– Det blei for mykje byråkrati for meg. Det gjekk på restriksjonar på mjølkekvotane og det handla om tak på kor mange grisar eg kunne ha. Eg hadde kapasitet til å levera langt fleire grisar, men det fekk eg ikkje lov til.
I MC-klubben var ting langt friare.

– Det var samhaldet og brorskapet som fascinerte meg mest. Alle stilte opp for kvarandre, slår han fast.

Rett Vest blei etter kvart til Highlanders, og for Høyland gjekk turen vidare til Hells Angels, der han blei medlem i 1999, berre tre år etter at Stavanger og Oslo hadde fått fullverdig medlemskap i Hells Angels MC World.

– Korleis var det å få vesten på første gongen?

– Det var veldig stort. Du må oppleva brorskapet for å forstå det. Dersom du har kone og barn som du er glad i, så er det på same måten.

– Kva betyr HA for deg?

– Klubben betyr alt for meg.

To år etter at Høyland kom inn i Hells Angels, slutta han som bonde. Han blei buande heime, men det er sønene som har drive garden vidare. Han har blitt bestefar til tre, og nå jobbar han som avdelingsleiar i bedrifta Norsk Overflateteknikk på Bryne.

Utanfor stovevindaugo har Per bygd ein eigen flyplass for mikrofly, som er den største interessa hans etter MC. Det er her han har lagt ned timar og år med trening og mekking på flyet sitt, for å klara turen over Nordsjøen.

Men nå handlar det om mannen som kombinerer familieliv med presidentrolle i ein av MC-klubbane som stadig er i politiet sitt søkjelys.

Me ber Høyland om å ta oss med til Hells Angels Stavanger sine lokale på Braut i Klepp kommune.


Kriminelle element

Ei tjukk dør av stål skil HA frå omverda. Når me kjem inn, går me opp ei trapp. Veggane er fulle av bilete av bikerar og logoar, i tillegg til fleire skjermar som tar inn overvakingsvideo frå utanfor lokala.

Første platå ser mest ut som ein lounge, med fleire sofaer av skinn, på neste platå er eit svært ovalt bord med fleire skinnstolar rundt.
– Dette er «privaten» for medlemmar i Hells Angels, forklarar Høyland.

Det vil seia fullverdige medlemmar. Om lag hundre på landsbasis og litt over 20 i Stavanger.

Medlemsrommet er likevel berre ein liten del av det store huset. I kjellaren har dei mekkerom for syklane og eit svært pub-liknande lokale med biljardbord og alt anna som høyrer til.

Per T. Høyland røyker sigarett - Per T. Høyland inne på klubblokalet på Braut. Bilete er henta frå NRK.no sin dokumentar «På skjøre vinger over Nordsjøen». - Foto: Mathias Oppedal / NRK
Per T. Høyland inne på klubblokalet på Braut. Bilete er henta frå NRK.no sin dokumentar «På skjøre vinger over Nordsjøen».
Foto: Mathias Oppedal / NRK
Når det blir arrangert festar her står politiet stundom nede ved vegen og held kontroll på tilstrøyminga. I fjor blei svært mange tilreisande viste vekk.
Høyland set seg ned i ein av skinnstolane og tenner seg ein røyk. I lokalet er det to andre uniformerte menn. Dei tilbyr wienerstong og kaffi.

– Er de gangsterar?

– Nei, det kan eg seia blankt nei på. Me er i jobb nesten alle saman her. Sikre, gode jobbar. Me står opp om morgonen og har familie, nett som ein vanleg mann. Den einaste skilnaden på deg og meg er at eg er uniformert og ikkje du.

– Men politiet meiner vel at de driv med mykje kriminalitet?

– Det er veldig viktig å definera kva som er ein kriminell organisasjon. I alle samfunn og organisasjonar vil du ha kriminelle element, men det er ikkje dermed sagt at det er organisert kriminalitet. Og det må presiserast at Hells Angels aldri er dømd for organisert kriminalitet.

Hells Angels er likevel opne om at dei er ein einprosentklubb. Ifølgje politiet er dette MC-klubbar som stiller seg på utsida av det normale samfunnet. MC-klubbane er ein prosent, medan resten av samfunnet er 99 prosent.
Sjølv om HA ikkje er heilt samd i denne definisjonen, ville Høyland til dømes ikkje gjort som andre samfunnsborgarar, dersom han hadde blitt utsett for tjuveri.

– Viss du vakna i morgon og bilen din var stolen, ville du då ringt til politiet?

– Det første eg tenker er: 'Det var då som satan'. Men eg ringer ikkje politiet.

– Kvifor ikkje?

– Eg føler vel at det går i same skuffe som alt det andre, det blir lagt bort. Og eg har såpass gode kontaktar at me nok skulle funne bilen att før han kom seg til Mandal.

– Kva ville du gjort?

– Eg hadde teke nokre telefonar rundt til venar og kjende, så skulle me nok funne bilen.
Høyland er viss på at det ikkje skulle blitt eit problem, men går ikkje meir inn på korleis dei skulle gått fram. Han stumpar sigaretten sin.


Politiet har dialog med HA

På politiet sine lokale i Lagårdsvegen i Stavanger blir ikkje Bjørn Vidar Bollestad særleg overraska over at Høyland ville late vera med å kontakta politiet viss nokon stal frå han.

Bjørn Vidar Bollestad - Bjørn Vidar Bollestad jobbar med organisert kriminalitet i Rogaland. Hells Angels er eitt av miljøa dei held oppsyn med. - Foto: Mathias Oppedal / NRK
Bjørn Vidar Bollestad jobbar med organisert kriminalitet i Rogaland. Hells Angels er eitt av miljøa dei held oppsyn med.
Foto: Mathias Oppedal / NRK
 
– Det seier vel noko om kva tiltru han har til oss. Dessutan seier det noko om at dei har sine eigne måtar å ordna opp i ein del forhold, seier han.

Bollestad er leiar for seksjonen i Rogaland politidistrikt som jobbar med organisert kriminalitet, og me vitjar han på kontoret hans. Eitt av fokusområda deira er det såkalla einprosentmiljøet, som består av fire MC-klubbar i Rogaland, der Hells Angels er størst.

– Kva er ditt forhold til Høyland?
– Me har jo begge levd ein del år, så eg kjenner han jo litt. Me har hatt møte med han, og me har ting som me ikkje er heilt samde om, spesielt når det kjem til festane som HA arrangerer. Denne usemja blir stundom framstilt som ein konflikt, eg vil ikkje seia at det er ei konflikt, men ei viss usemje er det jo mellom politiet og HA, seier han.

Einprosentklubbar i Rogaland

Leiar for seksjon for organisert kriminalitet i Rogaland politidistrikt Bjørn Vidar Bollestad fortel at einprosentmiljøet i Rogaland består av fire klubbar:
  • Hells Angels MC
  • Satudarah MC
  • Gremium MC
  • Gypsy Jokers MC
Han håper at han kan ha fleire møter med Per for å få avklart korleis dei skal handsama HA-festane på ein lovleg måte.
– Det handlar mellom anna om definisjonen av eit lukka selskap. Høgsterett har nyleg sagt ein del konkret om dette, og dette hadde det vore interessant å snakka meir med Per T. om.
Sjølv om det finst ein dialog, er Bollestad klar på kva politiet meiner om einprosentmiljøet.
– Grunnen til at me har fokus på miljøet er at dette er internasjonale klubbar som i stor grad blir styrde av eigne reglar. Det som skjer i utlandet har i stor grad verknad på det som skjer her. Basert på erfaring så veit me at det har vore mykje kriminalitet knytt til einprosentmiljøet. Det har vore stor grad av opne konfliktar dei seinare åra i Danmark. For berre nokre dagar sidan blei ein president i Bandidos skoten i Malmö. I tillegg har me alvorlege saker som er avdekte i Norge og lokalt opp gjennom åra, seier han.
– Er Hells Angels kriminelle?
– HA er ikkje ein kriminell klubb. Det er ein lovleg klubb, men dei er ein einprosentklubb, og grunnen til at me er interesserte i dette og fokuserer på miljøet, er at det har vore svært mykje alvorleg kriminalitet utført av folk som er innanfor desse systema.

– Dei spelar på frykt

Noko av det farlegaste med Hells Angels meiner politiet har noko å gjera med ein aura av frykt, som Bollestad meiner dei spelar på.
– Dei spelar på frykt ved å uniformera seg, og dei har eigne reglar i samanheng med å ikkje fortelja noko til politiet. Vitne er livredde for å stå fram på grunn av denne fryktauraen. Det er eit faktum, slår Bollestad fast.
– Kva tenker du om at Høyland får så mykje positiv medieomtale i samanheng med flyturane sine?
– Det er betre at han får merksemd rundt sunne interesser, i motsetnad til presidentkollegaene hans i Oslo, Trondheim og Tromsø, som får merksemd og omtale på grunn av alvorleg kriminalitet. Så opp mot det er det jo positivt, så lenge han driv på med sunne og lovlege interesser.

Per Høyland inne på museet sitt - Per les eit dikt som kona skreiv til han på 40-årsdagen. Han er inne på sitt private museum i huset deira på Høyland. - Foto: Mathias Oppedal / NRK
Per les eit dikt som kona skreiv til han på 40-årsdagen. Han er inne på sitt private museum i huset deira på Høyland.
Foto: Mathias Oppedal / NRK
Han viser til at det er ikkje så lenge sidan presidenten i HA Oslo blei dømt for å vera ein del av ei organisert gruppe, her blei også andre HA medlemmar dømt for alvorleg narkotikakriminalitet, og fekk lengre dommar.
Bollestad understrekar likevel at Hells Angels er ein lovleg klubb, og han har ei klar oppmoding til Høyland:
– Det ville etter mitt skjønn ha hjelpt veldig på omdømmet til HA om dei fokuserte meir på syklane og tok eit oppgjer med dei som driv med kriminalitet. Hadde det berre vore motorsyklar dei dreiv med, hadde det ikkje vore eit problem. Eller, i verste fall hadde det vore eit problem for trafikkpolitiet, seier han.

Narkotikamotstandar

– Eg har alltid vore ein sterk motstandar av narkotika. Eg har aldri prøvd det, og eg er aldri dømd for det. Det synst eg er veldig gode verdiar, som eg har fått med meg frå heime og har gitt vidare til barna mine, svarer Høyland frå skinnstolen inne i klubblokalet på Braut, når me spør han om forholdet hans til narkotika.
– Nokon vil kanskje meina at det er rart at presidenten i HA seier dette?
– Eg er stolt over å vera motstandar av narkotika. Brorskapet i Hells Angels er ikkje bygd opp rundt narkotika, slik mange kanskje trur. Det er også viktig å vera klar over at mange misbrukar namnet vårt, me har eit namn som er heilt på høgde med Coca-Cola.
– På kva måte misbrukar dei namnet?
– Det kan vera knytt opp til pengeinnkrevjing, sal av narkotika og slikt.
– De driv ikkje med den slags?
– Nei.
– Aldri?
– Det kan henda at enkeltelement i klubben har drive med det, det kan ikkje eg gå god for. Men det er ikkje noko me driv på med.
– Ville du godteke det som president?
– Nei.
Er det andre ting du ikkje godtar?
– Når du er president i HA må du ha eit veldig stort rom for både positive og negative ting. Du må ta alt som ei pakke.
Når det kjem til sakene som har vore på andre HA-kontor, vil ikkje Høyland seia nokon ting om dette. Han seier likevel at han blir flau av all negativ omtale som råker Hells Angels gjennom media.
– Kva legg du i ordet einprosentklubb?
– Det er ein gamal myte som heng att frå gamalt av og eg trur den myten berre må liggja der han ligg.
– Er det viktig at det er ein myte rundt dykk?
– Det skal vera ein myte. Du kan kalla det eit lukka miljø eller eit ope miljø, men det skal vera ei myte. Du har fleire trussamfunn, frimurarlosjar og slikt noko. Her får du heller ikkje heile innsynet, og det ligg kanskje eit regelverk i botn og folk blir forvitne på det. Så lenge folk lurer på ein ting, så blir det ei myte.
– Er det viktig?
– Ja, det skal vera ein myte. Slik er det berre?
– Er det greitt at folk er redde for dykk?
Nei, det er ikkje greitt i det heile. Me har hatt ope hus fleire gonger for vanlege folk som kan koma her og få omvising, og me køyrer også fredagskafe på vinterhalvåret. Då kan folk koma her og drikka kaffi.

Jane Høyland og Per har vore gifte sidan dei var tenåringar. Ho liker ikkje at mannen driv med ekstremsport, som flyging over Nordsjøen, men at han er med i MC-klubb går heilt fint.
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fekk ikkje adoptera


Adopsjonsdokument - Avslag frå Statens ungdoms- og adopsjonskontor 2000.
Avslag frå Statens ungdoms- og adopsjonskontor 2000.
Per T. Høyland seier altså at han er ein lovlydig borgar, og at dette også gjeld dei fleste andre i Hells Angels. Politiet slår også fast at det finst mange medlemmar av HA som dei aldri har hatt problem med, og at det er fullt lovleg å vera ein del av klubben.
Likevel har koplinga til kriminalitet og uvissa om kva Hells Angels eigentleg er, kosta svært mykje for Høyland og kona på det personlege planet.
– Tenk deg livet mitt som ein hotellkorridor med opne dører. Når eg går nedover korridoren, høyrer eg dørene smekka att ei etter ei. Og til slutt er det eit fåtal dører som står opne for meg, seier Per, som nå er tynga av alvor.
– Og det er på grunn av Hells Angels?
– Ja.
– Kva dører er det som har lukka seg?
– Det handlar om jobbmoglegheiter og venskap du har hatt frå du var liten. Og det handlar om familie, nokon gonger er du heilt avskoren.
Det er spesielt éi hending han tenker på. På slutten av 90-talet, då Høyland og kona nærma seg førtiåra, ville dei utvida familien ved å adoptera eller ta til seg eit fosterbarn.
– Dei eldste borna våre hadde byrja å flytta ut, og me følte oss såpass unge at me kunne hjelpa til litt i samfunnet.
Derfor søkte dei hjå styresmaktene. Men både søknaden om adopsjon og om fosterbarn blei avviste på grunn av Høyland sitt medlemskap i Hells Angels. I brev frå Statens ungdoms- og adopsjonskontor, datert 22. mars 2000, blir det slått fast at alt ligg til rette for at dei kan adoptera, men at HA-medlemskapet er avgjerande.
Her er eit utdrag frå brevet:

Fosterheimsdokument - Avslag frå Hå kommune i 2003.
Avslag frå Hå kommune i 2003.
« ... Statens ungdoms- og adopsjonskontor har funnet det nødvendig å innhente opplysninger om Hells Angels. Av disse fremkommer at Hells Angels har preg av til dels å være en kriminell organisasjon. De opplysninger vi har fått indikerer at så vel opptaksvilkår som fullt medlemskap krever ulike grader av kriminelle handlinger.
Selv om mannlig søker ikke har påtegninger på sin politiattest og øvrige forhold i familien skulle ligge til rette for adopsjon, finner vi at medlemskap i en organisasjon som Hells Angels ikke er forenlig med adopsjon.
På overnevnte grunnlag avslås søknaden om forhåndssamtykke til adopsjon av et barn fra utlandet.»
I 2003 avslo også Helse- og sosialetaten i Hå kommune søknaden om å bli fosterforeldre, med nærmast identiske formuleringar.
– Det er veldig dumt at det skal vera slik. Det var nok tyngst for Jane, men eg tenker av og til på det. Og spesielt når det nærmar seg jul. Det er mange som ikkje har det så bra her i verda, og me ville hjelpa til, seier han.

Livet som førstedame

– Har Jane ofra mykje for deg?
– Garantert har ho ofra mykje, slår Høyland fast.
Me har flytta oss til heimen til Jane og Per Høyland. Her inne er det Jane som er sjef, utanom eitt rom som Per har gjort om til eit MC-museum. Det store lyse kjøkkenet med mange heimesnikra møbel er Jane si forteneste.
– Eg liker interiør, snikring og måling, det er hobbyane mine. Dei er ikkje like ekstreme som Per sine, seier ho og ler.
For sjølv om Hells Angels-medlemsskapet til mannen gjorde at dei ikkje fekk adoptera, er Jane svært glad for at Per er den han er.
– Eg bryr meg ikkje om kva folk på utsida seier; så lenge me har kvarandre og så lenge det fungerer heime, så er alt fint. Eg er glad for at me har kvarandre, og me er framleis forelska. Det har berre blitt sterkare med åra, seier ho.
Dei to har nyleg feira 35-års bryllaupsdag, og dei møtte kvarandre i konfirmasjonstida. Sjølv om ekteskapet er sterkt, seier Jane at det er visse utfordringar med å vera gift med Hells Angels-presidenten.
– Han er ein villmann, men ein veldig jordnær, grei og omtenksam villmann. Han er ikkje farleg, men han har mange idear som han gjennomfører. Det er kanskje den største skilnaden på han og mange andre: han gjennomfører.
– Kva meiner du med det?
– Til dømes denne flyinteressa og turen over Nordsjøen. Eg syns jo ikkje at det er like greitt. Det er ganske ekstremt.
Likevel set ho seg ikkje på bakføtene.
– Ein må både gi og ta. Han gjer sine ting og eg gjer mine ting.
Per har lova Jane at han skal roa ned flyginga i 2016 og at dei då skal gjera fleire ting saman.
– Det gler eg meg veldig til. Me skal køyra bubil i England, og eg skal handla på antikvitetsbutikkar langs vegen. Me kan festa på ein hengar, slik at Per kan få med seg motorsykkelen, seier ho.
Per er samd. Etter 35 års ekteskap meiner han det er på tide at dei bruker meir tid på kvarandre. Han meiner at dei også har funne ein viktig leveregel.
– Me plar seia at livet er for kort for to ting: å krangla og å spela golf, seier han.
Begge to ler høgt.

Skal aldri ut av HA

Trass motgang vil aldri Høyland melda seg ut av klubben.
– Eg melder meg ikkje ut for å tilfredsstilla kommunen.
– Tenker du aldri at «dette er ikkje HA verd»?
– Nei, eg har faktisk ikkje det. Motstanden fører faktisk berre til at eg blir eit sterkare medlem i HA. Dei har heller fått meg over i motsett retning, eg har blitt sterkare og eg har vakse på det, slår Høyland fast.
– Du er 54 år, er du i HA om ti år?
– Det er garantert.
– Om 20 år?
– Det er også garantert.
– Kvifor?
– Som sagt er det ein plass her nede til urna mi, om eg skulle vera så uheldig å daua.

SJÅ DOKUMENTAREN: «På skjøre vinger over Nordsjøen»


 http://nrk.no/magasin/fra-bonde-til-hells-angels-president-1.12048068

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar